Vil du vere med å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad kan styre din eigen arbeidskvardag utan direkte pasientkontakt, men der tolking av komplekse prøvesvar bidreg til diagnostikk og oppfølging av pasientar? Som LIS hos oss får du ein dagtidsjobb der du kan bidra til diagnostikk, kvalitetsarbeid og forsking i eit fagfelt som stadig er i utvikling.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi, slik som koagulasjonsanalysar, vitamin, hemoglobinopati, porfyri og tumormarkørar. Avdelinga driv òg forskings- og utviklingsaktivitet knytt til fleire av fagområda. Stillinga er knytt til legegruppa i medisinsk biokjemi, som i dag har 7,2 overlegestillingar og to LIS. Totalt har avdelinga 350 tilsette derav 12 analytiske seksjonar, tre legegrupper, kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar
Oppstart: 01.02.2026 eller etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar
- Vurdering og tolking av prøvesvar
- Delta i arbeid med etablering av nye analysar og referansegrenser
- Kvalitetssikring av prøvesvar vha. statistikk og databehandling
- Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi
- Cand.med. kan òg søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar
- Teneste ved laboratorium vil bli vektlagd
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk
Personlege eigenskapar
- Interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
- God fagleg vurderingsevne og evne til å arbeide strukturert og målretta
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- God oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
- Du kan følge opp delegerte oppgåver
Vi tilbyr
- Dagtidsarbeid (8–16)
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
- Teneste som er relevant for spesialistutdanning i medisinsk biokjemi, men som òg er nyttig for mange andre medisinske spesialitetar
- Fagleg utvikling og fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi
- Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
- Konkurransedyktig pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.