Kirurgisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS 2/3 i generell kirurgi i perioden 02.03.2026 - 30.08.2026, med eventuelt moglegheit for forlenging.
Kirurgisk avdeling ved FSS er ei aktiv avdeling med spesialitetar innan:
- Urologi
- Gastroenterologisk kirurgi
- Akutt- og generell kirurgi
- Plastikkirurgi
- Bryst- og thyreoideakirurgi
- Noko karkirurgisk virksomhet.
Avdelinga har 7 LIS2/3 stillingar som inngår i 7-delt tilstadesvakt bak LIS1, med overlege i tertiærvakt.
Vi har eit godt og inkludrande arbeidsmiljø, med tett samarbeid mellom overlegar, LIS-legar og pleiepersonell. Avdelingssjef er næraste overordna.
Vil du vite meir om Helse Førde? Les meir her.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid på sengepostar, poliklinikk og operasjonsstove
- Bidra til progresjon og forventa utvikling i eige utdanningsforløp
- Bidra fagleg gjennom undervisning, rettleiing og teamarbeid
- Delta i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg administrativt arbeid
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon
- Fullført LIS1 utdanning
- Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftleg
- Ein vektlegg tidlegare erfaring frå kirurgisk fagfelt eller anna relevant klinisk erfaring
- Fordel med kjennskap til relevante elektroniske program for pasientinformasjon/dokumentasjon, samt effektivt lære seg nye verktøy
- Evne til å arbeide i team
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein kollega som har gode samarbeidsevner, er fleksibel, pliktoppfyllende og arbeidsom
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Rettleiar under spesialistutdanninga
- Eit stimulerende arbeidsmiljø, sterkt fokus på praktisk opplæring og undervisning
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt samarbeid med andre avdelingar og klinikkar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.