Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Austrheim kommune søkjer etter vikar i allmennpraksis for 6 månader i 100% stilling. Tilsetting frå 1.mars 2026.
To av våre fastleger med listetak på 1250 og 500, skal i permisjon i deler av stillinga og treng vikar på sine lister.

Austrheim legekontor er eit kommunalt drevet legekontor med ansvar for heile legetenesta i kommunen; helsestasjon, sjukeheim og legevakt på dagtid.
Vi har både fastlønna og næringsdrivande leger på 8.2 avtale. Det vil vera mogeleg å velga mellom fastlønn eller næringsdrift med 8.2 avtale, der ein beheld ein del av basistilskotet.
Legekontoret har i dag 3 fastleger og 3 hjelpepersonell i 100% stilling (sjukepleiar og helsesekretær). Vi har 1-2 LIS1 og legestudent 2 ganger årleg. Legekontoret er fullt utstyrt med blant anna EKG, spirometri, sår-/akuttrom, ultralydapparat, dermatoskop. Under utrykning har vi eigen legebil og sjukepleiar kjører ut saman med lege.

Arbeidsoppgåver
Kurativ praksis med ordinære fastlegeoppgåver som inneber:
  • vikar for 2 fastleger i 50 % permisjon kvar, med for tida ei listelengde på inntil 1250 og 500
  • delta i kommunal daglegevakt
  • inngå i interkommunalt legevaktsamarbeid på kveld, natt og helg (omlag2-3 vakter kvar månad)
Kvalifikasjonskrav
Krav til kompetanse:
  • Godkjent norsk autorisasjon som lege
  • Meistra skandinavisk språk skrifteleg og munnleg
Politiattest må leggjast fram før avtale

Ynskjeleg kompetanse:
  • For stillinga søkjer ein primært ALIS eller spesialist i allmennmedisin
Kven ser vi etter?
Ein allmennlege som er sjølvstendig, løysningsorientert og som:
  • har gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • er analytisk med evne til å tenke heilskapleg er systematisk, fleksibel og har evne til å takle høgt arbeidstempo
  • har vilje og engasjement for å arbeide tverrfagleg, fagleg utvikling og har evne til å rettleie andre
Personlege eigenskaper vert vektlagt

Me tilbyr: 
  • Valg mellom fastlønn eller 8.2 avtale der ein beheld ein del av basistilskotet
  • Gode muligheter til å prøva seg i allmennmedisin utan å måtte kjøpa liste
  • Veiledning og teljande teneste som ALIS med ALIS avtale
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege
Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Kontaktpersoner
Navn: Grethe Korsøen
Tittel: einingsleiar helse
Telefon: +47 47460982
E-post: grethe.korsoen@austrheim.kommune.no
Navn: Vegard Kjelstrup Mejer
Tittel: fastlege med avtale næringsdrift
Telefon: +47 99452207
E-post: vegard.jacobsen@austrheim.kommune.no
Arbeidssted
Austrheim legekontor
Sætremarka 2
5943 AUSTRHEIM
Søk på stillingen