
Me søkjar ein lege eller medisinstudent med gyldig lisens for eit ferievikariat i perioden frå veke 26 til og med veke 32. Fleksibel oppstart og avslutning er mogleg, men vi treng særleg dekning for veke 28, 29 og 30.
BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). Vi har to poliklinikkar og sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri og har avtale med både vaksenpsykiatri og pediatri, slik at ein kan gjennomføre heile utdanningsløpet i Haugesund.
Vi er opptatt av barn og unges helseteneste. Sjå film om prosjektet og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Om byen
Haugesund er ein mellomstor norsk by med ca 40 000 innbyggjarar. Nærregionen har rundt 180.000 innbygjarar. Haugesund ligger på vestkysten av Norge, mellom Bergen som er Norges nest største by og Stavanger. Byen har alle fasiliteter, bl.a. internasjonal lufthavn, cruisehavn og et aktivt kulturliv bl.a. fleire store årlige kulturfestivalar inkl. internasjonal filmfestival og jazzfestival. Regionen har variert natur med sandstrender, nærhet til turområder i fjellet og tilgang til fiskemuligheter i sjø. BUP Haugesund ligg sentralt plassert i Haugesund.
Sjå film om Haugesund og vår region: https://www.visitnorway.com/places-to-go/fjord-norway/haugesund-haugalandet/?lang=uk