Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Mottaksavdelinga er ei aktiv og framtidsretta eining med høgt tempo. Eininga omfattar Felles Akuttmottak, og frå 2026/2027 også ei ny observasjons-/Akutt 24-post. Her jobbar overlegar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og helsesekretærar, i tillegg til vaktfunksjonar frå alle speisalitetar.

Du blir del av eit tverrfagleg team som utviklar akuttmedisin og sikrar kompetanse i front for dei mest kritiske pasientane. Vi har stort fokus på samarbeid med førstelinjetenesta og betre pasientforløp, og samarbeidar tett med alle fagområde innan somatikk og psykisk helsevern.

Vi har no ledig eit svangerskapsvikariat som overlege i Akuttmottak/Akutt- og mottaksmedisin.

Ansvarsområdet omfattar både akuttmottak og Akutt 24, i eit team med tre overlegar. Arbeidstid er dagtid med noko kveldsarbeid ein til to gonger i veka.

👉 Søk idag!

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, behandling og stabilisering av pasienter med behov for øyeblikkelig hjelp
  • triagering av pasientar i samarbeid med sjukepleier
  • øyeblikkelig hjelp- poliklinikk
  • koordinering av akuttmottak ved stor pågang
  • Simulering og supervisjon av LIS 1/2/3
  • Samhandlingstelefon som betjener leger i kommunene i vårt nedslagsfelt
  • POCUS - point of care ultrasound
  • Visitt på Akutt 24

Kvalifikasjonar

  • Overlege innen relevant fagfelt 
  • Erfaring med POCUS er ønskelig
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er positiv og er interessert i å utvikle et fag som fortsatt er veldig nytt i Norge
  • trives med høyt tempo og kan ta raske avgjørelser
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Eit aktivt og positivt arbeidsmiljø, der vi jobbar tett i team, støttar kvarandre – og er opne for utvikling og nye arbeidsmåtar.
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst.
  • Ein variert arbeidskvardag, der oppgåvene og tempoet kan skifte – og du får brukt breidda di.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Annelin Voraa Steinsnes
Tittel: Funksjonsleder
Telefon: +47 52796872
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Mottaksavdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen