Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med og byggje opp ei ny sengepost innan sikkerheitspsykiatri og rehabilitering? 

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer ei ny, lukka sengepost med åtte plassar i Sandviken-området. Dette er første steg i utviklinga av Nye Sandviken –eit langsiktig arbeid for å styrkje behandlingstilbodet til pasientar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov. 

Sengeposten får ansvar for pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp som treng stabilisering, struktur og rehabilitering i eit trygt og spesialisert miljø. Du blir del av eit fagmiljø i utvikling, med anledning til å påverke både arbeidsformer og fagleg retning. 

Vi søkjer no ein overlege som ønskjer å bidra til etableringa av «Lokal sikkerheit rehabilitering» og ta eit sentralt medisinsk ansvar i den vidare utviklinga av tilbodet. 

Arbeidsoppgåver

Om stillinga 
Som overlege vil du, saman med andre spesialistar, ha ansvar for utgreiing, behandling og fagleg kvalitet ved sengeposten. Stillinga inneber: 

  • medisinsk-fagleg ansvar i det tverrfaglege teamet 
  • vedtaksansvar etter psykisk helsevernlova 
  • fagleg rettleiing av LIS-legar og samarbeid med andre spesialistar i Klinikk sikkerheitspsykiatri 
  • aktiv deltaking i utvikling av pasientforløp, rutinar og faglege metodar 
  • samarbeid med andre einingar i Divisjon psykisk helsevern, primærhelsetenesta og kommunale tenester 

Sengeposten er organisatorisk plassert under Klinikk sikkerheitspsykiatri. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Spesialist i vaksenpsykiatri 
  • Erfaring frå døgnbehandling, sikkerheitspsykiatri eller rehabilitering er ein fordel 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein kollega som: 

  • kommuniserer tydeleg og skaper tryggleik i møte med pasientar og medarbeidarar 
  • trivst i tverrfagleg samarbeid og bidrar til eit godt arbeids- og fagmiljø 
  • er strukturert, ansvarsbevisst og har god fagleg vurderingsevne 
  • ønskjer å bidra til utvikling av eit nytt tilbod 
  • har interesse for fagutvikling og eventuelt forsking 

Personlege eigenskapar vert vektlagde. 

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit til å vere med og etablere og utvikle eit nytt behandlingstilbod 
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter 
  • Samarbeid med erfarne spesialistar i Klinikk sikkerheitspsykiatri 
  • God anledning for fagleg utvikling, rettleiing og eventuelt forskingsaktivitet 
  • Utvikling av ettertrakta spisskompetanse innan rettspsykiatri og sakkyndigheit 
  • Jamlege fagsamlingar i sikkerheitspsykiatri både lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Løn etter avtale 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Arbeidsstad i Sandviken-området – del av utviklingsprosjektet Nye Sandviken
  • Barnehage i nærleiken, driven av Helse Bergen 

For interne søkjarar i Divisjon psykisk helsevern: Moglegheit for permisjon frå noverande stilling. 


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Marthe Halvorsen Kjærstad
Tittel: Konstituert Avdelingssjef
Telefon: 90936016
Navn: Maria Sigurjonsdottir
Tittel: Avdelingsoverlege Lokal sikkerheitsavdeling
Telefon: 47621929
E-post: maria.sigurjonsdottir@helse-bergen.no
Navn: Cecilie Engelsgjerd Eikestad
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 90180905
E-post: cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillingen