Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Øyre-Nase-Hals avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS2/3 i perioden 01.03.2026 - 31.08.2026. 

Øyre-nase-hals avdeling har per no 5 overlegestillingar og 4 LIS, vi har i tillegg audiografar, søvnsjukepleiarar og sjukepleiarar. I seksjon for kjevekirurgi, er det tilsett oralkirurg, tannhelsesekretærar og sjukepleiar. 

Allmennlegar med behov for erfaring i spesialisthelsetenesta oppfordrast også til å søkje, men vi tilbyr tenestetid på 12, ikkje 6 månader. 

Helse Førde har avtale med Helse Bergen om gjennomføring av gruppe 1 teneste. 

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk
  • Høyresentral
  • Søvnpasientar
  • Allergiutgreiing/allergivaksinasjon
  • Sengepostarbeid
  • Operasjonar i lokal- og generell anestesi
  • Vakt funksjon – per no: firedelt vaktfunksjon for LIS, passiv vakt med overlege i bakvakt

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon
  • Fullført LIS1 utdanning
  • Søkjarar utanfor skandinavia må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Ein vektlegg tidlegare erfaring frå ØNH faget eller anna, relevant klinisk erfaring
  • Fordel med kjennskap til relevante elektroniske program for pasientinformasjon/dokumentasjon, samt å effektivt lære seg nye verktøy

Personlege eigenskapar

  • Søkjar bør ha evner til å takle ein travel kvardag ved avdelinga
  • Gode samarbeidsevner og fungere godt i teamet
  • Engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskje om å vidareutvikle kompetansen

Vi tilbyr

  • Løn etter avtalefesta tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Karianne Strønen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: +47 578 31 582
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
ØNH - Kjeveavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen