Vi har ledig årsvikariat for lege i spesialisering (LIS3) ved vår spennande avdeling i perioden 05.01.2025 og 12 mnd framover. Her er store moglegheiter til å få vikariatet forlenga.
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytta til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/ Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH innleggingar.
Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar.
Ved rekruttering og tilsetjing, vil vi tenke langsiktig med omsyn til å skape ei fagleg og robust Augeavdeling for framtida.
Arbeidsoppgåver
- Dei som blir tilsett vil gå inn i 12-delt primærvakt
- Ein vil rotere mellom dei ulike seksjonane i avdelinga kvar 6. månad (7 ulike seksjonar) for å få dekt alle områda innan augefaget
- Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggande og polikliniske pasientar
- Vedkommande må ta del i undervisning av legestudentar og anna helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i augesjukdommar
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Då Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi legge vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefaget
- Augeavdelinga er kjend for sitt gode, kollegiale miljø, og det er viktig at dei som blir tilsett og vil bidra til å halde dette ved like
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt i ein hektisk kvardag
- Vere ein god teamarbeidar
- Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
- Forskingsinteresse
Vi tilbyr
- Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging og fullstendig LIS-løp i spesialiseringa
- Den som blir tilsett, vil få ein personleg rettleiar, og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Gode kollegaer i eit særs godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.