Vil du vera med å med å vidareutvikle ei solid og fagleg sterk anestesieining ved Stord sjukehus?
Stord sjukehus er eit akutt- og lokalsjukehus med eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar og inngår i Helse Fonna. Anestesilegane våre er tilstades i aktiv vakt ved sjukehuset heile døgnet. Vi har ikkje LIS i anestesiologi, difor er anestesioverlegane tett på pasientane i operasjonsavdelinga, i fødeavdelinga, i intensivbehandling og i akuttmottak.
Eininga har om lag 2000 anestesiar kvart år til pasientar innan generell kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, tannbehandling, øyre-nase-hals, urologi, ECT og større sårrevisjonar. Vi fordeler operasjonane på 4 operasjonsstover.
Sjukehuset har ei mindre intensiveining og anestesilegane deltek i behandlinga av kirurgiske pasienter på intensiv og medisinske pasientar på respirator. Som anestesioverlege hos oss vil ein rykke ut på ulike alarmar som akutt føde, akutt keisarsnitt, hjartestans og traume, anestesilegane deltek og i utvida medisinsk akutt team.
Hos oss vil du inngå i ein 6-delt tenesteplan det er mogleg å få ei 0-timars veke ei av seks veker.
👉 Høyres det ut som noko som kan passe for deg? Ta kontakt ved spørsmål, vi vil gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Variert anestesiologisk arbeid knytt til elektiv verksemd og augeblikkeleg hjelp.
- Anestesioverlegane våre inngår i vaktordning med døgnvakter.
- Mottak av pasientar i anestesipoliklinikk før operasjonsdag.
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med fokus på fagleg utvikling og forbetringsarbeid.
- Avdelinga kan legge til rette for at ein kan fordjupe seg i område ein er spesielt interessert i, t.d. traumebehandling, blokkadar, smertebehandling, intensivmedisin, barneanestesi mellom anna.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi.
- Relevant praksis og erfaring frå norske sjukehus.
- Ein må kunne inngå i aktuell vaktordning/tenesteplan som inkluderer 24-timers vakter utan forvakt.
- God kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system.
- Erfaring frå kvalitets- og forbetringsarbeid.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad. Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- Har gode kommunikasjonsevner
- Er punktleg og påliteleg
- Har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Er endringsvillig og har evne til nytenking
- Kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- Bidreg til eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø på tvers av dei ulike avdelingane
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med sosiale samlingar og turar på fritida
- Fagleg utvikling gjennom kompetanseplan
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.