Er du ein engasjert LIS-lege som vil utvikle deg fagleg i eit trygt og godt arbeidsmiljø?
Vi tilbyr eit spanande vikariat på 6 månader innan øyre-nase-hals, med moglegheit for forlenging. Hos oss blir du del av ei avdeling med god atmosfære, høgt fagleg fokus og undervisning som ein naturleg del av kvardagen.
👉Send inn søknad og CV så snart som mogleg – vi gledar oss til å høyre frå deg.
Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Kenneth Kross på telefon 41141637 dersom du har spørsmål om stillinga.
Arbeidsoppgåver
Hos oss får du blant anna jobbe med:
- Arbeid ved poliklinikken, der du får brei erfaring med utgreiing og behandling av ØNH-pasientar.
- Etter ein innføringsperiode vil du gradvis få moglegheit til å delta i kirurgisk verksemd under rettleiing.
Stillinga inngår i 5-delt vaktordning.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og oppfyller kravene til LIS-tjeneste.
- Har interesse for ØNH-faget og ønsker å bidra til å løfte kvaliteten ytterligere.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- arbeider strukturert og påliteleg, og held jamt god kvalitet i arbeidet ditt
- er lojal mot avgjerder og rutinar i avdelinga, og tek imot rettleiing og faglege føringar på ein profesjonell måte
- samarbeider godt med både overlegar, LIS-kollegaer og andre yrkesgrupper, og bidreg til ro, oversikt og god teamkultur
- kommuniserer tydeleg, respektfullt og medverknadsorientert med pasientar og pårørande
- tek tilbakemeldingar frå pasientar, kollegaer og leiar som ein naturleg del av læring og utvikling
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Eit variert og lærerikt LIS-løp med god rettleiing.
- Moglegheit til å delta i fagutvikling og undervisning.
- Eit arbeidsmiljø der fagleg utvikling og trivsel går hand i hand.