Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du bli vår nye overlege innan kardiologi?

Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga, som er ein del av medisinsk klinikk. I dag har vi ni sengeplassar og dekkjer dei fleste fagområda innan hjartesjukdomar – med unntak av invasiv kardiologi og nokre spesialiserte undersøkingar. Eininga har òg ansvar for innlegging av pacemakar i Helse Fonna. I februar 2027 flyttar hjarteposten inn i heilt nye, moderne lokalar. Vi ser frem til dei utviklingsmuligheitane dette vil gje oss. 

Ved hjartepoliklinikken er det stor aktivitet. Her utgreier og følgjer vi opp pasientar med hjartesjukdomar frå heile regionen. Vi har òg etablert ei hastepoliklinikk for å sikre raskare forløp for pasientar med mistanke om koronarsjukdom.

Vi har eit sterkt og engasjert fagmiljø innan kardiologi, med totalt åtte overlegestillingar knytta til Hjarteseksjonen. Det er tett samarbeid med spesialsjukepleiarar innan både kardiologi og intensiv. Deltaking i det felles indremedisinske vaktlaget kan bli ein del av stillinga. Vi har legar som forsker i avdelinga og det ønsker vi å kunne utvikle videre og  tilrettelegger for. Vi har eit godt samarbeid med Fag- og forskningsavdelinga i foretaket. 

Oppstart etter avtale. Heiltid eller deltid - vi finn ei løysing saman. 

Arbeidsoppgåver

  • Dagteneste ved hjartepoliklinikken og hjarteposten
  • Vaktarbeid, inkludert dagteneste ved Medisinsk intermediær overvakingseining (MIO), kan vere ein del av stillinga
  • Overlegane som inngår i vaktordninga, deltek per i dag i ei 12-delt felles indremedisinsk vakt
  • Veiledning og undervisning av medisinstudentar og leger i spesialisering.
  • Det er tett samarbeid på tvers av avdelingar og mellom ulike tverrfaglege yrkesgrupper

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein lege som er godkjend spesialist i kardiologi, eller som er under spesialisering i dette fagområdet
  • Gode kunnskapar i generell indremedisin er nødvendige for å kunne delta i vaktordninga
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som ikkje har nordisk morsmål, må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan godkjend norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon på språkkunnskapar må leggjast ved søknaden

    Personlege eigenskapar

    Hos oss er det viktig at du:

    • er engasjert i fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
    • har god fagleg vurderingsevne, og arbeider målretta og strukturert
    • kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

    Vi tilbyr

    • Eit høgt fagleg nivå med rom for vidare kompetanseutvikling
    • Ein aktiv avdeling med spanande og utfordrande oppgåver
    • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
    • Tilrettelegging for forsking og fagleg utvikling
    • Organisert internundervisning innan hjartesjukdommar og indremedisin
    • Arbeids- og lønsvilkår i samsvar med gjeldande lokal overeinskomst og individuell avtale

    Andre opplysningar

    • Reiseverksemd: Det er ikkje krav om reise til andre sjukehus
    • Vi kan vere behjelpelege med å finne mellombels bustad i ein overgangsperiode på inntil seks månader
    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Overlege/spesialist
    Arbeidsgiver
    Helse Fonna HF
    Kontaktperson
    Navn: Eva Karin Schmidt
    Tittel: Avdelingsleiar
    Telefon: 45223879
    E-post: eva.karin.schmidt@helse-fonna.no
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    Hjerte leger Haugesund sjukehus
    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND
    Søk på stillingen