Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.
 
Vi har ledig følgjande fastlegeheimlar:
Naustdal legesenter:
  • Ein fast heimel frå 01.03.2026 eller etter avtale
Legesenteret er i nye og moderne lokale i sentrum av Naustdal. Ved legesenteret er det 5 fastlegar og 1 LIS1 lege. Det er 700 - 1000 pasientar på listene, men pasienttalet kan justerast.
 
Jølster legekontor:
  • Ein fast heimel frå snarast
  • Eit vikariat som fastlege i 6 mnd frå 1. mars
Jølster legekontor ligg i sentrum på Skei. Ved legekontoret er det 3 fastlegeheimlar og 1 LIS1 lege. Det er 700 - 1000 pasientar på listene, men pasienttalet kan justerast. Som rekrutteringstiltak kan økonomiske tilskotsordningar vere aktuelle, bl.a. kan ein vurdere ulike ordningar for arbeidstid. Dette må avklarast i drøftingar med den enkelte søkar.
 
Ein må rekne med inntil 20 % kommunal stilling. Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande, då kommunen har ein 8-2-avtale. Vi kan også tilby fastløn/hybrid-avtale og vi har gode ALIS avtalar.

Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.
Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet.

Den som blir tilsett i stillinga må fylle krava i fastlegeforskrifta. Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkarane er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner og snakkar/skriv godt norsk.

Gyldig politiattest av ny dato må leggast fram ved tilsetjing.
 
Du søker elektronisk.
 
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
 
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.  
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune
Kontaktperson
Navn: Harald Bjarte Reite
Tittel: Einingsleiar
Telefon: +47 901 50 161
Arbeidssted
Hafstadvegen 42
6800 FØRDE
Søk på stillingen