
Er du klar for å jobbe med kroppens mest spennande organ? Hjernen!
Innan nevrologi har vi 8 overlegestillingar og 8 stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ei eiga eining i medisinsk klinikk. Eininga har poliklinikk (generell og spesialpoliklinikk for MS, epilepsi, parkinson, hjerneslag, ALS/Huntington/nevro-onkologi, botox), nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 8 senger til generell nevrologi og 6 til slagpasientar.
Nevrologi er eit fag i stadig utvikling, med nye og aukande behandlingsmoglegheiter. Som LIS i nevrologi vil du møte pasientar i alle aldersgrupper med mange spennande sjukdomar og tverrfaglege utfordringar. Samarbeid med andre faggrupper som terapeutar og logopedar er viktig. Vi gir god opplæring før du startar med vakt.
👉 Høyres dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer.
Vi vil ta kontakt med aktuelle søkjarar fortløpande.
Det er for tida 8-delt tilstadevakt i avdelinga.
Venter du på turnus og er interessert i nevrologi kan du være aktuell for vikariat.
Hos oss er det viktig at du:
Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.