Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kinn kommune søkjer ein engasjert og fagleg dyktig kommuneoverlege. Kommuneoverlegen er ein sentral rådgjevar for kommunedirektør og kommunens leiarar, og har ei nøkkelrolle i arbeidet med førebyggjande helsearbeid, smittevern, kriseberedskap og samarbeid på tvers av tenester.  Stillinga er organisert i kommunedirektør sin stab Strategi og samordning. 

Kommunen har eit breidt spekter av helse- og velferdstenester, og du vil få høve til å samarbeide tett med både fastlegar, leiarar og fagpersonar på tvers av tenesteområda. Kommunen er med i fleire utviklingsprosjekt på både regionale og på nasjonale nivå som kommuneoverlege vil vere viktig deltakar i.

Arbeidsoppgåver
  • Medisinskfagleg rådgjeving og kvalitetssikring
  • Overordna ansvar for smittevern og helsefagleg beredskap
  • Rettleiing og samarbeid med fastlegar og øvrige helsetenester
  • Deltaking i strategisk planarbeid, rekrutteringsarbeid og utviklingsarbeid
  • Oppfølging av lovpålagde oppgåver som ligg til kommuneoverlegen.
  • Rettleiing og samarbeid med dei kommunale tenestene. 
  • Proaktiv planlegging for ei eldre befolkning.

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend spesialist i samfunnsmedisin er å fortrekke - eller at søkjar er under utdanning
  • God kjennskap til kommunehelsetenesta, og pleie og omsorgstenesta, samt relevant lovverk
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team

Personlege eigenskapar
Vi søker ein kommuneoverlege som er;
  • engasjert, sjølvleiande, løysingsorientert og opptatt av godt samarbeid
  • trygg i faglege vurderingar og god på kommunikasjon
  • interesse for utvikling- og kvalitetsarbeid
  • engasjert i førebyggjande helsearbeid.

Vi tilbyr
  • Eit fagleg fellesskap med mellom anna assisterande kommuneoverlege og interkommunal folkehelseavdeling
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein utviklingsorientert kommune
  • Gode høve til fagleg utvikling
  • Fleksibel organisering med moglegheit for kombinasjon med klinisk arbeid
  • Løn etter avtale
  • Deltaking i regionalt kommuneoverlegenettverk
  • Stillinga kan kombineres med fastlegeheimel enten ved legekontoret i Florø eller ved legekontoret i Måløy
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommuneoverlege
Arbeidsgiver
Kinn kommune
Kontaktperson
Navn: Trude Gulbranson
Tittel: Stabsleiar strategi og samordning
Telefon: 48080537
E-post: trude.gulbrandson@kinn.kommune.no
Arbeidssted
Magnus Thingnesgate 1
6905 FLORØ
Søk på stillingen