
Hei, vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med på laget?
Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt? Sjekk Nevropodden på Spotify!
Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå våren 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter.
Nevrologisk avdeling har glede av å lyse ledig 3 faste stillingar og 2 årsvikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi. Oppstart for stillingane er 01.03.2026 eller etter avtale. Ved intern tilsetting i fast stilling, kan fleire vikariat bli ledig, og vikariat som LIS 2/3 kan som regel forlengast og føre fram til spesialisering. Fast stilling vil bli omgjort til stilling som legespesialist etter fullført spesialisering.
Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innanfor nevrologien, er det god anledning for fordjuping undervegs i spesialiseringa. Utdanningsplan Nevrologi HUS
Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning inkludert PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes nevrodegenerative sjukdomar og MS, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi.
Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.
Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt.
Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.