Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Er du vår nye alderspsykiater / spesialist i alderspsykiatri?

Helse Fonna HF består av fire sjukehus i Haugesund, Stord, Odda og Valen, samt fire distriktspsykiatriske senter (DPS-ar). Vi har over 4 000 medarbeidarar som alle jobbar målretta for å gi best mogleg behandling og omsorg til pasientane våre. Helse Fonna dekkjer 19 kommunar med om lag 180 000 innbyggjarar.

Tilsette er vår viktigaste ressurs. Vi legg stor vekt på å rekruttere dei beste folka, og vi gjer vårt ytterste for at alle skal trivast i jobben sin. Hos oss vil du ha eit tett og godt samarbeid med geriateren vår, som har mange års erfaring frå arbeid både på sengepost og i poliklinikk.

Haugesund sjukehus er eit offentleg allmennsjukehus, lokalisert i Haugesund sentrum. Sjukehuset er ein del av undervisnings- og utdanningsverksemda i Helse Vest. Avdeling for eldremedisin er organisert som ei eiga eining i medisinsk klinikk. Eininga består av tre mindre sengepostar med åtte senger kvar, og ein poliklinikk for geriatri, alderspsykiatri og korttidsobservasjon innan generell indremedisin. Eininga er godkjend med 9 månader i spesialistutdanninga i psykiatri.

Som alderspsykiater må du ha eit heilskapleg perspektiv, og du vil arbeide tett saman med kollegaer frå fleire ulike faggrupper. Vi har òg ei eiga forskargruppe innan eldremedisin. Vi oppfordrar spesialistar i generell psykiatri med interesse for alderspsykiatri til å søkja !

Vi har eiga forskningsgruppe, sjå her: Eldremedisinsk forskningsgruppe

Vi søkjer deg som er oppteken av fagleg utvikling og teamarbeid. Legar i siste del av spesialiseringa blir oppmoda til å søkje!

For meir informasjon kan du ta kontakt med oss, eller sende motiveringsbrev og CV til:

Arvid Rongve Seksjonsoverlege og klinisk forskar

📩 arvid.rongve@helse-fonna.no

📱 (+47) 90548749

      Kvalifikasjonar

      • Spesialist i psykiatri / LIS i psykiatri snart ferdig med spesialiteten.
      • Godkjent fordjupningsområde i alderspsykiatri eller erfaring med alderspsykiatri er ynskjeleg.
      • Du må lære deg norsk, både skriftleg og munnleg, på eit høgt nivå (B2).
      • Relevant erfaring frå arbeid på sjukehus.

      Personlege eigenskapar

      • Positiv og fleksibel haldning og gode kommunikasjonsevner.
      •  God sans for humor er eit pluss.
      •  God akademisk dømmekraft og ei strukturert, målretta arbeidsform.
      •  Må vise profesjonell kompetanse, tillit og respekt.
      •  Bør ha interesse for fagleg utvikling og bidra til å utvikle ein god og samla arbeidsstyrke.

      Vi tilbyr

      • Godt arbeidsmiljø.
      • Forskningsgruppe
      • Kliniske studiar
      • Løn etter avtale.
      • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
      • Hjelp til norskkurs for rett kandidat.

       Sjukehuset kan vere behjelpeleg med bustad, sjå etter jobbmoglegheiter for partner og finne skule/barnehage til barn.

      Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
      Stillingskategori
      Overlege/spesialist
      Arbeidsgiver
      Helse Fonna HF
      Kontaktpersoner
      Navn: Arvid Rongve
      Tittel: Forsker
      Telefon: +47 90548749
      E-post: arvid.rongve@helse-fonna.no
      Navn: Doreen Halleland
      Tittel: Avdelingsleder
      Telefon: (+47) 41692464
      E-post: doreen.halleland@helse-fonna.no
      Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
      Hjemmeside
      Arbeidssted
      Avdeling for eldremedisin, Helse Fonna HF
      Karmsundgata 120
      5528 Haugesund
      Søk på stillingen