
Vi har ledig 100% vikariat for overlege med kompetanse i gynekologisk kirurgi og interesse for generell gynekologi!
Oppstart er frå snarast, og varigheita på vikariatet er 1 år.
Ålesund sjukehus, har omtrent 1 300 fødslar per år. Vi har 10 spesialistar og 8 legar i spesialisering. Ein av overlegane og ein LIS har PhD og enda ein overlege jobbar med sin PhD. Avdeling for Kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingar i vår avdeling. Dette skapar lærerike og interessante arbeidsdagar.
Hos oss er arbeidsmiljøet godt, vi jobbar tett saman, både vi legane oss imellom og saman med anna sjukehuspersonell. Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfylt arbeidskvardag!
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!