Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi har ledig ei fast 100 prosent stilling som spesialist i karkirurgi ved karkirurgisk seksjon, som er ein del av kirurgisk avdeling saman med generellkirurgi og bryst- og endokrinkirurgi. Seksjonen består i dag av to overlegar og éin lege i spesialisering i karkirurgi. Vi behandlar dei fleste karkirurgiske tilstandar både ope og endovaskulært, med unntak av para- og suprarenal aortakirurgi.

Vi har eit svært godt samarbeid med to intervensjonsradiologar og disponerer ein ny og moderne hybridstove.

Seksjonen er godkjend som utdanningsinstitusjon i karkirurgi og har fagavtale med Akershus universitetssjukehus.

Overlegane i karkirurgisk seksjon inngår i 8-delt generellkirurgisk vaktordning.

👉 Du er velkommen til å søkje!

Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsdager med operasjon, poliklinikk, visittarbeid og vakt
  • Samarbeide og delta i intervensjonsprosedyrer med radiologer.
  • Internundervisning, oppfølging og veiledning av LIS 2/3 er en viktig del av arbeidet.
  • Delta i undervisning av medisinstudenter fra UiB.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og godkjend spesialist i karkirurgi.
  • Spesialitet i generellkirurgi ved ønskje om å delta i generellkirurgisk vaktordning.
  • Må vere sjølvstendig i open karkirurgi og ha interesse for endovaskulær behandling.
  • Må kunne ta selvstendige beslutninger og ha god vurderingskompetanse for potensielt kritiske pasienttilstander.
  • Gjennomført ATLS er eit krav dersom ein skal inngå i generellkirurgisk vaktordning.
  • Gode norskkunnskapar er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar frå land utanfor Norden må derfor ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein kollega som samarbeider godt på tvers av fag og profesjonar.
  • Vi ser etter deg som ønskjer å bli hos oss over tid, vere med på å utvikle karkirurgisk seksjon og bidra til at vi når måla våre om høg fagleg standard.
  • Du må bidra til å halde oppe eit godt arbeidsmiljø og høg kvalitet i alle ledd av pasientbehandlinga.
  • Sjølvstendig, ansvarsmedviten, med gode kommunikasjonsevner og trivst i ein til tider hektisk arbeidsdag.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldene avtaler.
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger.
  • Et aktivt og trivelig arbeidsmiljø.
  • Høyt faglig nivå.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Anne Ringe
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 93058854
E-post: anne.ringe@helse-fonna.no
Navn: Svein Tore Baksaas
Tittel: Overlege
Telefon: 41863947
E-post: svein.tore.baksaas@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgisk avdeling, Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Søk på stillingen