
Som overlege hos oss vil du bli ein viktig del av eit tverrfagleg miljø som både forventar mykje av deg – og gir deg mykje tilbake.
I Psykosepoliklinikken møter du ein kvardag der fagleg tyngde, tett samarbeid og kontinuitet i behandling står sentralt. Vi dekkjer heile forløpet frå tidleg oppdaging av psykose til langvarig oppfølging av pasientar med kroniske psykosetilstandar. Poliklinikken har òg ansvar for oppfølging av pasientar som er underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i Haugaland DPS sitt opptaksområde.
Poliklinikken tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilnærmingar, inkludert medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, musikkterapi, IMR-grupper (Illness Management and Recovery) og livsmeistringsgrupper. Vi har både eit ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar. Psykosepoliklinikken er med i eit omfattande kvalitetsforbetringsarbeid og vi har blant anna eit eige utgreiingsteam med behandlerne i poliklinikken som arbeider med brei differensialdiagnostikk og tett samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.Hos oss er det viktig at du:
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden