
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gir nye og spennande moglegheiter for framtida.
BUK har 68 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab.
I 2024 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 32 000 polikliniske konsultasjonar.
Vi søker etter ein barnelege i 100 % vikariat inntil 8 månader med mulighet for forlengelse. Vi søkjer etter ein barnelege med erfaring og kompetanse innen kreft og blodsjudommer. Vi treng ein overlege som saman med dei øvrige legane ved seksjonen og heile det tverrfaglege teamet skal bidra til at Barne- og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn og unge diagnostikk og behandling av internasjonal standard.
Seksjonen har i dag 6 overlege stillinger. BUK har regionsfunksjonen for utdanning og behandling av onkologiske og hematologiske pasientar til 18 år.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.