Kort om arbeidsgiver
Velkommen til Alver kommune!
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Om Knarvik legekontor og fastlegelistene
Knarvik legekontor ligg i Knarvik, som er administrasjonssenter i Alver kommune. Det er gangavstand til kollektivknutepunkt og hurtigbåtforbindelse til Bergen sentrum (ca. 25 minutter). Køyretid med bil frå Bergen er omlag 30 minutt. Vi har parkering ved kontoret.
Vi søkjer fastlege for ei liste på om lag 800 pasientar. Listetaket kan aukast etter avtale. Fastlegelista ved Knarvik legekontor er godt ivareteken av heimelshavar.
Knarvik legekontor er p.t. eit kontorfelleskap med 5 fastlegeheimlar, organisert som DA (delt ansvar) med 8.1 avtale. Det er ein LIS 1 ved kontoret. Praksisen har tilsett fagleg flinke og erfarne hjelpepersonell i 3,3 årsverk, men DA er i gang med å tilsetje fleire på forkontoret. Praksisen nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har eiga servarløysing med Infodoc Sky. Lokala er gode og tenelege. Det er godt utstyrt laboratorium med spirometri, ekg og hurtigtestar.
For legar som ønskjer spesialisering kan vi tilby ALIS-avtale. Alver kommune er registrert utdanningsverksemd og tilbyr forutsigbart utdanningsløp med rettleiing, supervisjon og læringsaktivitetar. Her kan du som er nyutdanna lese meir om ALIS-løpet.
ALIS-tilskudd - Allmennleger i spesialisering (ALIS)
Om offentleg allmennmedisinsk arbeid og legevakt:
I Alver kommune har vi legevakt ved Nordhordland interkommunale legevakt som ligg lokalisert på Helsehuset i Knarvik, 2 minutt gange frå Knarvik legekontor. Vaktbelastninga for fastlegar er omlag 2 vakter i månaden på kveld, natt og helg, betalt etter eigen timesats. Vi har tilsett eigne legar ved Nordhordland legevakt på natt, så det er svært låg vaktbelastning på natt for fastlegane.
Alver kommune har vedtatt plan for legetenesta for 2023 - 2026. Du kan lese meir om den her:
Plan for legetenesta i Alver kommune (framsikt.net). Kommunen har og ein generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin, godkjent i lokalt samarbeidsutval i 2024:
Generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin - Alver kommune
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som fastlege med ei godt opparbeidd og ivaretatt fastlegeliste
- Delta i gjensidig fråværsdekning ved kontoret
- Delta i interkommunal legevakt i Nordhordland på kveld, natt og helg. Estimert vaktbelastning er 2 vakter per måned.
Kvalifikasjonskrav
- Fullført LIS 1 ved oppstart
- Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
- Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning. Vi kan tilby ALIS avtale.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
Kven er du?
Vi søkjer etter lege som har gode samarbeidsevner og som bidrar i kollegafellesskapet. For oss er det viktig at du er ansvarleg, at du deltek og er ryddig i forhold til drift av legepraksisen. Du må og delta i ansvarsfordeling av oppgåver mellom legane som og inkluderer arbeidsgjeveransvar for tilsette på forkontoret.
Personlege eigenskaper vert lagt vekt på.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod. Er du nyutdanna vil du bli godt ivaretatt på kontoret.
Vilkåra for fastlegeavtale går fram av sentralt avtaleverk, ASA 4310.