Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du bli fastlege med nordsjøturnus, ved eit velorganisert legekontor i hjarta av Ryfylke?

Suldal kommune har ledig intervallstilling som fastlege («Nordsjøturnus») frå februar 2026. Hos oss kan du kombinere ein periodevis hektisk jobb som fastlege med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kople av både i naturen og i det urbane bygdemiljøet.

Om eininga
Suldal legekontor har åtte fastlegar og ein LIS1-lege. Fire av legane jobbar i intervallstillingar. 
Legekontoret er samlokalisert med ergo-/fysioterapi, helsestasjon og Frisklivsentral, og ligg tett på sjukeheim, heimeteneste og psykisk helse. Me har eit godt fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid.

Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?
Du trivst med varierte oppgåver, er fagleg trygg og samarbeider godt med andre. Du har evne til å ta ansvar og bidra til utvikling av gode helsetenester.

Kva kan me tilby som arbeidsplass? 
•    Gode arbeids- og lønsforhold
•    Intervallordning som gir fleksibilitet
•    Aktivt fagmiljø med fokus på samarbeid
•    Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning
•    Aktivt velferdsutval med sosiale aktivitetar
•    Me er ein LEAN-kommune med fokus på utvikling

Kva gjer ein fastlege i Suldal kommune?
•    Allmennpraksis med pasientliste (listetak 570)
•    Deltaking i legevakt (6-delt vakt)
•    Kommunale oppgåver
•    Tverrfagleg samarbeid med helsepersonell
•    Andre oppgåver i tråd med eininga sitt behov

Kven søkjer me? 
Me ser etter ein fagleg dyktig og samarbeidsorientert lege.
Formelle krav:
•    Norsk autorisasjon som lege
•    Må kunne delta i legevakt

Velkommen til kraftlaget vårt!
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Kontaktperson
Navn: Adriaan van Ruiven
Tittel: Einingsleiar Helse
Telefon: 45422697
E-post: adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Sand
Eidsvegen 5
4230 SAND