Kort om arbeidsgiver
Kommunen har vel rundt 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivelege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Kommunen har stabil legeteneste, men treng utviding for å betra kapasiteten. Det er godt samarbeid med dei andre faggruppene i helse og omsorgstenesta. Alle legesentera har gode lokale og fleire av dei vil leggja til rette for utvida tal på legar.
Det er ein ledig vikariat ved Heiane legesenter i perioden 03.02.2026-30.11.2026.
Senteret er veldrive med 7 legar og 1 LIS1. Det er for tida 800 pasientar på fastlegelista. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd for ALIS, og tilbyr rettleiing og supervisjon frå røynde legar til ALIS.
Vaktordning
Legen tar del i vaktordning på dagtid og i Sunnhordland interkommunale legevakt. Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.
Krav til stillinga
- Godkjent norsk autorisasjon som lege.
- Søkjar må ha fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens Autorisasjonskontor for Helsepersonell som gir høve til å praktisere som fastlege.
- Ha refusjonsrett frå Helfo.
- Fagleg dyktig og gode samarbeidsevner.
- God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.
Vi legg vekt pågode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
Vi kan tilby
- eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod til pasientar og tilsette.
- Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.
- Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.
- Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk*.*Det må leggjast fram politiattest.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For ytterlegare opplysingar om stillinga:
Kommuneoverlege Linda Mari Hammersland kan kontaktast på 96944927, e-post:
Linda.Mari.Hamersland@stord.kommune.no
Heiane legesenter
Lars Gunnar Solsvik; e-post:
lgsolsvik@gmail.com, tel.: 971 87 347