Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Helse Fonna søkjer etter dyktige vikarar for LIS1 til sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda i ferieperioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 33 i 2026.

Skriv i søknaden kva for sjukehus du vil prioritere. Du kan også skrive kva klinikk og/eller avdeling du vil prioritere. Blant anna er nevrologisk og pediatrisk avdeling i Haugesund på jakt etter ferievikarar.

Dersom du ikkje kan arbeide heile perioden, må du skrive kva periode du kan arbeide. Vi vil vektlegge om søkjaren kan jobbe minst 6 veker eller meir.

Du er velkomen til å søkja!

Arbeidsoppgåver

  • Tenesteplikt og ansvar som for LIS1, inkludert krevjande vaktteneste

Kvalifikasjonar

  • Dersom du har lisens, er det fint om du skriv opp HPR-nummeret ditt i søknaden.
  • Det er eit krav at du kan framlegge norsk lisens som medisinarstudent eller som LIS1 innan oppstart, evt. norsk autorisasjon som lege.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert.
  • Ansvarsbevisst.
  • Nøyaktig.
  • Gode kommunikasjonseevner.

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Introduksjon og opplæring.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Olav Bøe Hunnes
Tittel: Rådgiver
Telefon: 52732156
E-post: olav.boe.hunnes@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Utdanning- og kompetanseavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Søk på stillingen