Vil du vere med å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad kan styre din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du moglegheit til å bidra til diagnostikk, utvikling og forsking innan eit fagfelt som stadig er i endring.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings- og utviklingsaktivitet knytt til fleire av fagområda. Avdelinga har tre legegrupper: Seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet si legegruppe, og seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til legegruppa i medisinsk biokjemi, som i dag har 7,2 overlegestillingar og to LIS. Totalt har avdelinga 350 tilsette derav 12 analytiske seksjonar, kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar.
I tillegg har vi medisinsk fagleg rådgiving i medisinsk biokjemi ved laboratoriet ved Haraldsplass Diakonale sykehus (HDS).
Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Oppstart: 01.02.2026 eller etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Vaktordning på dagtid (8-16)
- Vurdering og kommentering av analysar
- Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre
- Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
- Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
- Moglegheit for fordjuping innan avdelinga sine fagområde
- Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi
- Teneste ved laboratorium vil bli vektlagd
- Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk
Personlege eigenskapar
- Interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
- Du tar initiativ til forbetring/utvikling
- God fagleg vurderingsevne og evne til å arbeide strukturert og målretta
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- God oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
- Du kan følge opp delegerte oppgåver
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
- Spesialistutdanning i medisinsk biokjemi inkludert sideutdanning dersom behov
- Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi
- Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
- Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.