
Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!
Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter nye kollegaer. Vi har ledig 100% fast stilling og 100% vikariat som overlege. Her møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium som alle har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen. Oppstart etter avtale. Vikariatet er frå 05.01.26 - 03.01.27 med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 5-delt med heimevakt på kveld og natt.
Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stor fokus på faglig utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland.
Generelt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.