
LIS3 vikariat i nevrologi - Nevrologisk seksjon, Førde sentralsjukehus.
Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig vikariat for LIS 3 i nevrologi. Seksjonen er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR).
Vikariatet er i utgangspunktet for perioden 10.11.2025 - 31.08.2026. Forlenging av vikariat kan bli aktuelt.
Vikariatet er lyst ut på kort varsel, opplys i søknad ved behov/ønske om anna oppstartdato.
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk- og nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet.
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse.
Vi legg stor vekt på godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.
Vi ser fram til å motta søknad frå deg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.