
Bli ein del av det engasjerte teamet vårt – vi søkjer spesialist i psykiatri/overlege til den allmennpsykiatriske delen av verksemda ved Kronstad DPS
Kronstad DPS er et stort og veldrevet DPS sentralt plassert på Danmarksplass. Vi har et godt legemiljø med faste legemøte kvar veke.
Den allmennpsykiatriske verksemda ved Kronstad DPS er delt inn i ulike seksjonar, med behandling anten på døgnpost eller poliklinisk – i gruppe og individuelt. Den polikliniske verksemda går føre seg hovudsakleg ved to store allmennpoliklinikkar, ved gruppeeininga og i akutteamet vårt (seksjon for akutte tenester).
I tillegg har vi fleire spanande prosjekt, som FACT allmennteam og ulike spesialiserte team innanfor allmennpoliklinikkane – mellom anna team for spiseproblem og affektivt team. Vi jobber også med å etablere eit tilbud om ketaminbehandling til pasienter som ikkje har hatt nytte av anna behandling for depresjon.
Vi har behov for overlege i fleire av desse tilboda, og lyser no ut ei stilling der vi inviterer interesserte til å gå i dialog med oss for å forme ei rolle som passar både søkjaren sine interesser og våre behov. Det kan vere ei stilling knytt til ein bestemt seksjon (til dømes allmennpoliklinikk), eller ei kombinasjonsstilling der fleire delar inngår.
Vi har valt å gå for ei litt open og fleksibel utlysing, og håpar du vil gje oss høve til å fortelje meir om kva vi driv med ved Kronstad DPS! Alt etter kva du er mest interessert i, kan ulike leiarar og fagfolk bli med i dialogen.
Om du ikkje er heilt klar for å søkje på bakgrunn av denne teksten, men kjenner på ein viss interesse, håpar vi du tek kontakt. Vi tilbyr gjerne ei uforpliktande samtale der du kan få vite meir..
Slik søker du:
Er du den engasjerte og fagleg dedikerte psykiatrispesialisten vi ser etter? Send oss søknaden din og CV via Webcruiter. Vi ser fram til å høyre frå deg og kanskje ønske deg velkommen til teamet vårt!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.