Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.


Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, som òg har sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering,  lokal sikkerheitspost og ambulant sikkerheitsteam. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust. 

Psykiatrisk klinikk har ledig  sommarvikariat i 100% stilling som Cand.med. i perioden 22.06.2026 - 16.08.2026.
Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje. 


Nyttig informasjon ved jobbsøking til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF

Arbeidsoppgåver

  • Delta i utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar med rettleiing frå overlege
  • Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
  • Ein må rekne med å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje. 
  • Gode språkkunnskapar i norsk, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Søkjar må ha førerkort i klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips.

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Medisinstudent med lisens / Lege før LIS1
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Sigmund Bjørhovde
Tittel: Seksjonsleiar legar PSK
Telefon: +47 900 37 348
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen