Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du vere med og utvikle eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern? 

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer no ein ny lukka sengepost med 8 plassar i Sandvikenområdet – den første byggesteinen i utviklinga av Program Psykisk helsevern for framtida -Nye Sandviken. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for området, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod til pasientar med samansette behov. 

Sengeposten skal tilby behandling til pasientar med alvorlege psykiske lidingar, der nokre også har utfordringar knytt til vald og rus. Pasientane på dette behandlingsnivået vil ha behov for stabilisering og rehabilitering. Pasientgruppa vil vere samansett, og det faglege tilbodet breitt. 

Vi søkjer no ein overlege (psykiater) som ønskjer å vere med og bygge opp og utvikle tilbodet frå starten av. 

 

Om stillinga 
Som overlege vil du ha ei sentral rolle i utgreiing, behandling og fagleg utvikling. Du vil bidra til å forme rutinar og pasientforløp, og samarbeide tett med faggrupper frå både Psykiatrisk klinikk og Klinikk sikkerheitspsykiatri. Den nye sengeposten er ein del av ei ny eining som er etablert som eit samarbeid mellom dei to klinikkane, med mål om å utvikle eit framtidsretta og heilskapleg behandlingstilbod for pasientar med samansette behov. Eininga er i dag organisert under Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er under utvikling og på sikt vil få eit breiare fagleg innhald i tråd med utviklinga av Nye Sandviken.

Arbeidsoppgåver

  • Inngå i tverrfaglege team kor utgreiing, diagnostisering og behandling og rehabilitering av pasientar vert gjennomført i tråd med overordna krav og nasjonale føringer
  • Vere ansvarleg for vedtak etter psykisk helsevernlov
  • Gjere utgreiing av risiko for vald 
  • Yte medisinskfagleg rettleiing og bistand i dei tverrfaglege teama ved sengeposten, med særleg fokus på miljøterapeutisk tilnærming
  • Delta og bidra i utviklingsarbeid  
  • Veileder for LIS
  • Ha utstrekt samarbeid i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primærhelsetenesta og kommunale butilbod
  • Bidra med undervisning og rettleiing til kommunale helsetenester og annan  spesialisthelseteneste
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving og fagleg utvikling
  • Det kan bli aktuelt å ha utgreiings-og/eller behandlingsansvar for pasientar ved andre seksjonar i klinikken 

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som lege
    • Spesialist i vaksenpsykiatri
    • Erfaring frå døgnpost, sikkerheitspsykiatri og/eller psykiatrisk rehabilitering er ønskjeleg
    • Dokumentert interesse for rehabilitering og/eller rettspsykiatriske emne vil vere ein fordel
    • Gode norskkunnskaper, både muntleg og skriftleg 
    • Vandelsattest må leggjast fram ved tilsetjing

    Personlege eigenskapar

    • Du er positiv, inkluderande og har eit godt lag med folk
    • Du har evne til å inspirere, rettleie og engasjere medarbeidarar
    • Du kommuniserer godt og bygg tillit i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
    • Du trivst i tverrfaglege team og meistrar høgt tempo og krevjande situasjonar
    • Du er strukturert, målretta og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
    • Du er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg lett nye situasjonar
    • Du har god fagleg vurderingsevne og held deg roleg og profesjonell under press
    • Du viser respekt, empati og profesjonalitet i møte med pasientar
    • Du har eit sterkt engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
    • Du bidreg aktivt til eit godt og utviklande arbeidsmiljø

    Personlege eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing

    Vi tilbyr

    • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter for den rette personen 
    • Samarbeid med erfarne spesialistar 
    • Moglegheit for å bidra til å utvikle tverrfaglege team knytt til psykiatrisk behandling og rehabilitering 
    • Moglegheit for å drive med systematisk utviklingsarbeid, med høve til å delta i forsking 
    • Løn etter avtale 
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
    • Barnehage i nærområdet, drifta av Helse Bergen 
    • Arbeidsstad i Sandvikenområdet- Nye Sandviken
    • For interne søkjarar i Divisjon Psykisk Helsevern; Moglegheit for permisjon frå noverande stilling

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
    Stillingskategori
    Overlege/spesialist
    Arbeidsgiver
    Helse Bergen HF
    Kontaktpersoner
    Navn: Marthe Halvorsen Kjærstad
    Tittel: Konst. avdelingssjef
    Telefon: 90936016
    Navn: Susanne Karlsen
    Tittel: Konst. ass. avdelingssjef
    Telefon: 48110709
    E-post: susanne.karlsen@helse-bergen.no
    Navn: Cecilie Engelsgjerd Eikestad
    Tittel: Seksjonsleiar
    Telefon: 55958878
    E-post: cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Arbeidssted
    Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Forsterka rehabilitering/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
    Sandviksleitet 1
    5036 Bergen