Kort om arbeidsgiver
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 850 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Heimelen er lokalisert på Straume legesenter, ca 20 minuttar frå Bergen sentrum. Dette er eit veldrevent legesenter med sju fastlegar, ein LIS1 lege og dyktig hjelpepersonell. Straume legesenter har flotte nyoppussa lokalar.
Stillinga er som sjølvstendig næringsdrivande fastlege og listestorleiken er 1300 pasientar og kan eventuelt endrast etter avtale med kommunen. Ein nyttar Infodoc som journalsystem. For legar i spesialisering vert det gjeven ALIS avtale. For spesialistar i allmennmedisin dekker kommunen praksiskompensasjon med inntil 5 dagar pr år i samband med resertifisering som spesialist i allmennmedisin.
Det er pr tid ingen andre kommunale legeoppgåver tilknytt heimelen. Pr tid er det frivillig å delta i legevakt, men fastlegar blir prioritert til å få delta i legevaktsarbeid om ønskjeleg.
Arbeidsoppgåver:
- Utredning og behandling av pasientar
- Deltaking på tverrfaglege møter
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Norsk autorisasjon som lege
- Særs gode norskkunnskapar både skriftlege og munnleg.
Ønskjeleg med:
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt
Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Moglegheteit for startlån. Les meir på Øygarden kommune si heimeside