Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

På vegne av Bømlo kommune søkjer vi etter deg som er trygg i møte med pasientar, som samarbeider godt med kollegaer og som trivst med å arbeide sjølvstendig og strukturert. Som lege er du fleksibel, løysingsorientert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Dersom du ynskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit fagmiljø med høgt fokus på kvalitet, utvikling og kollegial støtte, kan dette vere stillinga for deg.


Om stillingane
Heimlane er knytta til Øyane Helsehamn, eit velutstyrt og moderne storlegekontor med totalt 11 fastlegeheimlar. Det er gode rutinar for fagleg og kollegial oppfølging. I stillingane inngår legevaktsarbeid ved Sunnhordland interkommunale legevakt.
Listetaket er sett til om lag 900 pasientar, men dette kan vurderast i dialog.
Det er forventa at ikkje-spesialistar tek del i eit strukturert utdanningsløp for å oppnå spesialitet i allmennmedisin. Bømlo kommune har ALIS-avtale og legg godt til rette for rettleiing og spesialisering.


Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege og gjennomført LIS 1
  • Gode språkferdigheiter i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B og tilgong til eigen bil
Bømlo kommune tilbyr
  • Eit triveleg og kompetent arbeidsmiljø
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
  • Moglegheit for fastlønn eller næringsdrift
  • Velferdsgoder og sosiale aktivitetar gjennom kommunen sin velferdsklubb
  • Hjelp til å finne bustad dersom du flyttar til kommunen
Slik søkjer du
Send CV-en din gjennom lenkja, så tek vi kontakt så snart som mogleg.
 
For spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Kari Madeleine Gihle, rekrutteringsrådgivar for Legejobber.no, på telefon 904 05 666.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Legejobber
Øyane helsehamn
Kontaktpersoner
Navn: Kari Madeleine Gihle
Tittel: Rekrutteringsrådgiver
Telefon: 90405666
E-post: kari.madeleine.gihle@tidsskriftet.no
Navn: Wenche B. Hansen
Tittel: Fagansvarlig rekruttering
Telefon: 91769932
E-post: wenche.hansen@tidsskriftet.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: Bømlo
Send søknad på mail
Arbeidssted
Bømlo kommune
Svortlandsveien 119
5430 BREMNES
Søk på stillingen
Mer om arbeidsgiver

Legejobber har lansert rekrutteringstjenester og tilbyr rekruttering- og veiledning for leger

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image