
Vi søkjer ny kollega!
Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit behandlingsteam med 3 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, samt legar i spesialisering innan psykiatri. Seksjon vår er ein akuttpsykiatrisk seksjon med ansvar for ca 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal.
Vi tek imot både frivillege og tvangsinnleggingar. Stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke akuttpsykiatriske problemstillinger. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen.
Vi har over tid fått gode tilbakemeldinger på eit godt arbeidsmiljø og at seksjonen vår er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane, og det er lav terskel for tverrfaglege drøftinger.
Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her