Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Valen sjukehus er ein tradisjonsrik instutisjon - sidan 1910, og har heile tida framstått moderne i si samtid med hensyn på humanistisk tilnærming og når det gjeld å ta i bruk nye behandlingsformer.

Er du ein som set pris på eit trygt og godt arbeidsmiljø, trivst med varierte arbeidsoppgåver og har interesse for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere rett stad for deg.

Hos oss finn du fire døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit Fact sikkerhetsteam. Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykologspesialist , lis.lege, sosionom,  psykiatriske sjukepleiarar, aktivitør og miljøpersonell. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og testing
  • Behandling og oppfølging av pasientar
  • Vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk helsevern og dom til behandling
  • Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
  • Inngår i bakvaktssystem for legar
  • Rettleie legar i spesialisering
  • Rettleiing av studentar og anna helsepesonell

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent spesialist i psykiatri
  • Kunnskap til EPJ med både DIPS og Meona
  • Vedtakserfaring
  • LiS som er nær spesialisering kan tas i betraktning
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert og engasjert
  • har høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
  • er tålmodig og evne til å knytte relasjon
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

    Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.

    Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og  kompetanseutvikling  for den enkelte tilsette. Som overlege tilsett i Helse Fonna har ein eit fast  kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten. 

    Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Valen sjukehus ligg i vakker vestlandsnatur med fjell, fjord og fonn i nærleiken.
    Dersom dine fritidsinteresser rettar seg meir mot det kulturelle, har kommunen eit aktivt kulturtilbod. Rosendal med baroniet ligg 30 minuttar unna med bil. Regionssenteret Husnes med kino, kjøpesenter og skule -og idrettsenter er ein 10 minutt kjøretur unna. Kommunen er også kjent som ein ein aktiv festivalkommune.

 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktperson
Navn: Marianne Lund Anderssen
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 53466407
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus
Sjukehusvegen 15
5451 Valen