Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledig 100% fast stilling som overlege/psykiater fra 01.09.2025.
Seksjon Akutt psykisk helse Sunnmøre blei etablert våren 2025 etter ombyggingsprosess og omorganisering der to tidlegare akuttseksjonar blei slått saman til ein. Målet har vore å samle det akuttpsykiatriske fagmiljøet under ein seksjon, noko vi no har fått til. Akutt psykisk helse Sunnmøre er ein akuttseksjon med mottaksfunksjon, og vi har 10 pasientrom og 4 intensivsenger (skjermingsrom). Vi har per no to faste overlegar men vi treng ein til i 100% stilling. Dette er i tillegg til ein psykologspesialist, 1 LIS3 og 2 LIS1 ved seksjonen.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består elles av 6 seksjonar: Akutt psykisk helse Sunnmøre, Lokal sikkerheitspsykiatri HMR, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri, Spesialisert habilitering og frå september 2025 ein nyoppretta seksjon for psykose.
Dei aller fleste pasientane er innlagde via øyeblikkeleg hjelp. Seksjonane samarbeider tett med kvarandre og andre avdelingar i føretaket og førstelinjetenesta.
Vi søkjer deg som ønskjer å vere med å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, du kan gi miljøpersonalet fagleg rettleiing og du ønskjer pasientbehandling med fokus på frivilligheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.