Vi har ledig eit års vikariat for LIS3 - lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomer ved føde, barsel, gyn. pol. seksjon i Volda! Det er gode utsikter for forlenging av vikariatet og fast tilsetting.
Vi søker interessert, engasjert og lærevillig lege som ønsker spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdomer.
Seksjonen har i dag 5 overlegestillinger og 3 LIS-stillinger. Fødeavdelinga vår har omtrent 450-500 fødslar i året, med lav- til moderat-risiko fødsler. Vi tilbyr ein allsidig, og variert arbeidskvardag. Vi utfører ikkje kreftoperasjonar, men tek oss av vanlege gynekologiske tilstander. Det er 5-6 delt vakt, med heimevakt om natta.
Både seksjonen og sjukehuset elles, har eit triveleg og godt arbeidsmiljø, seksjonen er veldreven og er godt utstyrt. Vi har barnelege, men ikkje barneavdeling. Godt samarbeid internt og på tvers i helse foretaket og med kommunehelsetenesta i vårt distrikt.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.