Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for høg kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss!

 

Ved Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som overlege i patologi. Dersom vi ikkje får tilsett ein overlege, lyser vi samstundes ut eit vikariat som LIS i patologi (100 % stilling).

Avdelinga held til i Noregs vakraste by – Ålesund, og er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og bildediagnostikk.
Vi tilbyr gode høve til fagleg utvikling og legg til rette for deltaking på relevante kurs.

Avdelinga har i dag tilsett 6 overlegar (1 konstituert) og 4 LIS, i tillegg bioingeniørar og sekretærar, til saman 34,6 stillingar.

 

Ønskjeleg oppstart for overlegestillinga er snarast, etter nærare avtale med avdelingssjef. LIS-legar som nærmar seg ferdig spesialisering, vert òg oppmoda til å søkje. For LIS-vikariatet er oppstart ønskjeleg frå 01.09.2025.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

Avdelinga tek imot prøver frå både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. I 2024 svarte vi ut om lag 28 000 biopsiar, 20 000 cytologiprøver og gjennomførte 80 obduksjonar.

Arbeidsoppgåver for overlegestillinga:

  • Generell histologi- og cytologidiagnostikk (avdelinga har ikkje fagspesialisering)
  • Supervisjon innan patologisk diagnostikk og obduksjon

Arbeidsoppgåver for LIS-stillinga:

  • Diagnostikk av biopsiar, operasjonspreparat og obduksjonar
  • Etter kvart også diagnostikk av cytologiske prøver

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å byggje opp eit sterkt fagmiljø innan patologi, og bidra til ei framifrå helseteneste for pasientane våre.

 

For overlegestilling:

  • Norsk autorisasjon som spesialist i patologi, eller vere i sluttfasen av spesialistutdanninga
  • Relevant erfaring og kompetanse innan fagfeltet vert vektlagt

For LIS-stilling:

  • Gjennomført og godkjent LIS1-teneste

For begge stillingane:

  • Må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk godt, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og trivast i eit dynamisk miljø
  • Vilje til å bidra til både eiga og kollegaer si faglege utvikling
  • God arbeidskapasitet
  • Positiv og bidragsytande i arbeidsmiljøet

Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hilde Guttormsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 70 10 66 37
E-post: hilde.guttormsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Patologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen