Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Har du lyst til å bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på høg faglegheit?

Augeseksjonen ved Klinikk SNR har ledig ei fast stilling for Lege i spesialisering auge med tilsetting frå snarast, eller etter avtale. Vi oppfordrer LIS 1 som er ferdig i turnus i september om å søkje. 

Vi har for tida 4 overlegar ved seksjonen og 5 LIS. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom legar, sjukepleiarar og merkantilt personell ved seksjonen. Den største aktiviteten er ved poliklinikken med polikliniske konsultasjonar. Vi har flytta inn i splitter nye lokaler ved det nye akuttsjukehuset på Hjelset. 

Ved interne tilsettingar kan andre vikariat bli ledige, søkjarane vert vurdert forløpande.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i vaktordning i seksjonen
  • Ein vesentleg del av arbeidstida er poliklinisk arbeid, men også kirurgi i form av bl.a. okuloplastikk   

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Meistre nordisk språk, både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Gode evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig
  • Trivst i eit hektisk miljø 
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • God turnus med samanhengande friveker
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, segling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spanande kafear og spisestader. Les meir om Molde her!

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Marina Elnes
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: marina.elnes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Auge SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4
6450 Hjelset