Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Vi søker ein seksjonsleiar for legeeininga med sterk fagleg forankring og gjerne med leiarerfaring for å vidareutvikle vårt høgt spesialiserte fagmiljø.  

Om avdelinga 
Øyre-nase-halsavdelinga (ØNH) er ei av dei største i landet og avdelinga utfører eit breitt spekter av diagnostiske undersøkingar og behandlingsprosedyrar. Vi tilbyr avansert diagnostikk og behandling innom heile bredda av ØNH-feltet. 

ØNH-avdelinga har ei sentral rolle i sjukehuset og driftar på fleire lokasjonar i Sentralblokka og Glasblokkane (Barnesjukehuset). Tverrfagleg pasientbehandling er sentralt, og samarbeidet med Universitetet i Bergen om utdanning og forsking er viktig.  

ØNH-avdelinga er organisert i Klinikk for Hovud/hals, der Kjevekirurgisk avdeling og er med. Sengeposten Hovud/hals inkluderer Augeavdelinga sine døgnpasientar. Klinikken har om lag 210 tilsette, der i blant 34 legar (18 overlegar, 3 legespesialistar og 13 LIS).  

Om stillinga 
Som seksjonsleiar for legane vil du ha det overordna ansvaret for den medisinsk faglege drifta ved avdelinga. Du vil vere ein del av klinikkens leiargruppe og jobbe tett med klinikkdirektør, seksjonsleiarar, samt nøkkelpersonell knytt til pasientbehandling, utdanning og forsking.  

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg leiing og utvikling av avdelinga i tråd med sjukehuset sin strategi  
  • Personalansvar for legane og fagleg rettleiing for legar i spesialisering (LIS) i samarbeid med assisterande seksjonsleiar lege og utdanningsansvarleg overlege 
  • Budsjettansvar for legeeininga 
  • Sikre forsvarleg medisinsk drift og optimal pasientflyt 
  • Bidra til utvikling av nye diagnostiske metodar og vidareutvikling av digitale løysingar
  • Tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for å optimalisere diagnostikk og behandling 
  • Delta i forskings- og innovasjonsarbeid innan ØNH-feltet 
  • Overordna ansvar for utdanning og kompetanseutvikling i avdelinga 
  • Representere avdelinga i relevante faglege administrative forum  

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i ØNH-sjukdommar med norsk autorisasjon 
  • Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg  
  • Dokumentert erfaring med leiing eller sterk interesse for leiarutvikling er en fordel 
  • Erfaring med organisering av ØNH-tenester 
  • Erfaring frå forskingsarbeid med gjennomført PhD, samt erfaring med kvalitetsforbetring eller innovasjon er ein fordel 
  • Gode evner til strategisk tenking, samarbeid og kommunikasjon 
  • Kjennskap til ressursstyring og arbeidstidsplanlegging 
  • Vi oppmodar og deg som ikkje har lang leiarerfaring, men som har motivasjon for leiarutvikling og engasjement for ØNH-faget om å søke    

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar 
  • Gode evner til strategisk tenking, kommunikasjon og samarbeid 
  • Høg gjennomføringsevne og strukturert arbeidsstil 
  • Sterke samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar   
  • Evne til å handtere endringsprosessar med tryggleik og profesjonalitet 

Vi tilbyr

  • Ei sentral leiarrolle i ei av dei mest spanande/interessante ØNH-avdelingane i landet 
  • Mogelegheita til å påverke fagfeltet gjennom leiing, innovasjon og forsking  
  • Eit sterkt leiarteam og administrativ støtte 
  • Eit godt arbeidsmiljø med stort engasjement og høgt kunnskapsnivå i organisasjonen  
  • Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar 
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og utvikling 

Bli ein del av vårt sterke fagmiljø - vi ser fram til å høyre frå deg! 


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktperson
Navn: Evelyn Neppelberg
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 93005211
E-post: evelyn.neppelberg@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Øyre-Nase-Hals avdelinga, Klinikk for hovud/hals, Helse Bergen 
Haukelandsveien 22
5021 Bergen