Voss sjukehus søkjer etter spesialist i ortopedisk kirurgi.
Ortopedisk seksjon har ledig vikariat, med moglegheit for seinare omgjering til fast stilling, for spesialist i ortopedi for perioden 18.08.25.25 til 16.08.26. Annan dato for oppstart er mogleg å avtale. Hjå oss møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium der mange har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen.
Voss sjukehus, Ortopedisk seksjon har seks fast tilsette ortopedar og tre LIS 3. I tillegg er det tilsett ein Cand.med. som hovudsakleg utfører visittarbeid. Ortopedisk seksjon behandlar både akutt og elektiv ortopedi. Av elektiv ortopedi vert det utført protesekirurgi i hofte og kne, artroskopi i skulder og kne, handkirurgi, og fot- og ankel kirurgi. Erfaring innan eitt eller fleire av desse fagområda er ei føremon. Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus.
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar,
fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kringliggande andre kommunar
frå Sogn og Hardanger.
Voss herad har rundt 16.500 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar
for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er
viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane
ligg berre nokre steinkast frå sjukehuset, og det er ein flott 9-hols golfbane her.
Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz og Osafestival. Det er eit godt
utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god
kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.