Kirurgisk avdeling SNR (Nordmøre og Romsdal) søkjer 2 legar i spesialisering i kirurgiske fag!
Kirurgisk avdeling ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har det bløtdelskirurgiske ansvaret for Nordmøre og Romsdal. Vi flytta i år inn i splitter nye og moderne lokale, og du får vere med å byggje opp ei avdeling i vekst – både fagleg og organisatorisk.
Hos oss møter du eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort engasjement. Vi jobbar saman – på tvers av fag – for å gi pasientane våre den beste behandlinga. Avdelinga har ansvar for 1 sengepost, i tillegg har vi eit breitt poliklinisk tilbod og ei dagkirurgisk avdeling.
Vi har 12 overlegestillingar og 10 LIS2/3-legar. Vi har spesialistar innan generell kirurgi, gastrokirurgi, urologi og plastikkirurgi.
Vårt ønskje er at du kan bli vår nye kollega!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Vi har følgjande:
Vi tilbyr utdanningsløp i generell kirurgi, gastrokirurgi og urologi og har eit nært samarbeid med dei andre kirurgiske miljøa på sjukehuset.
Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.