Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har ledig 40%  vikariat delt 20% som helsestasjonslege og 20% som sjukeheimslege. Vikariatet er ledig frå 01.08.2025 til 31.07.2026.
Vi søker deg som ønsker å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande miljø med barn/ungdom og/eller har hjarte for eldreomsorg

Stillingane kan kombinerast, men om du berre ønsker å søkje på det eine vikariatet spesifiserer du dette i søknaden din.

Om du ønsker kan du i tillegg delta i legevaktsordninga i kommunen 

Det er kort reiseveg frå Bergen både til Luranetunet bu- og behandlingssenter og helsestasjon på Os.

Arbeidsstad som sjukeheimslege
Luranetunet bu- og behandlingssenter:
Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m², der temperaturen er behageleg heile året. Vi har også 3 kommunale ØH-senger innan somatikk, rus og psykiatri. 2 på LBBS/1 på FBBS

Arbeidsoppgåver:
  • Utredning, behandling og oppfølging av bebuarar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell
  • Samarbeid med pårørande, fastlegar og øvrige einingar 
Det vil og vere mogleg å vakter ved Fusa bu- og behandlingssenter i Eikelandsosen om du ønsker det.

Arbeidsstad som helsestasjonslege
Helsestasjon på Os: 
Helsestasjonen tilbyr tenester i henhold til Nasjonalfagleg retningslinje for helsestasjon og skulehelseteneste, og arbeidsoppgåver for lege er i henhold til desse.
Stillinga er knytt til førebyggande og helsefremmande arbeid i skulehelseteneste og på helsestasjon for ungdom.

Arbeidsoppgåver
  • Helseundersøking i henhold til nasjonale faglege retningslinjer for skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom.
  • Tverrfagleg samarbeid, både internt og med andre tenester innan 1. og 2. linjetenesta, er ein viktig del av arbeidet.
  • Bidra til å sikre og utvikle den medisinskfaglege delen av tenesta gjennom systemarbeid og samarbeid med våre andre legar.
Kvalifikasjonar:
  • Du har norsk autorisasjon som lege
  • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Du må legge fram gyldig politiattest 
Eigenskapar:
  • Du har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
  • Du er ansvarsfull, fleksibel, positiv og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Det vert lagt stor vekt på  dine personlege eigenskapar
Vi tilbyr:
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • God konkurransedyktig lønn
  • Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Rettleiing av erfarne sjukeheimslegar
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktpersoner
Navn: Synnøve Tvedt Skarstein
Tittel: Sjukeheimsoverlege
Telefon: +47 467 47 564
E-post: syts@bjornafjorden.kommune.no
Navn: Desiree Lange
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: +47 456 93 498
E-post: dle@bjornafjorden.kommune.no
Arbeidssted
Luranetunet bu- og behandlingssenter/Helsestasjonen
5200 OS