Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet. Laboratorieklinikken har over 900 tilsette og er fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Kreftgenomikk, Biobank Haukeland og Seksjon for bioinformatikk.

Laboratorieklinikken har stor forskingsaktivitet og godt samarbeid med andre sjukehus og universitet. Det lysast ut fordjupingsstillingar for LIS for ein periode på to år. Stillingane vil vere delt 50/50 mellom forsking og rutinearbeid innan eit av dei 6 laboratoriefaga (patologi, immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk mikrobiologi, medisinsk genetikk, klinisk farmakologi og medisinsk biokjemi). Både interne og eksterne kandidatar er velkommen til å søke stillingane. For eksterne søkarar blir kandidaten oppfordra til på førehand å ta kontakt med avdelingssjef ved aktuell avdeling der ein ønsker spesialistutdanning for å diskutere aktuelle forskingsprosjekt. For interne søkarar ber vi om at søknad om fordjupingsstilling for LIS forankrast med avdelingssjef.

Arbeidsoppgåver

  • Etablere og iverksette eit sjølvstendig forskingsprosjekt. Prosjektet skal forankrast i eitt av forskingsmiljøa i Laboratorieklinikken
  • Prosjektet må gjennomførast innan ein av laboratoriespesialitetane, og søkjar må angi kva spesialitet/avdeling ein søker stilling ved. Søkar vil høyre til den aktuelle avdelinga i prosjektperioden
  • 50% rutinearbeid som LIS og 50% forsking

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling
  • Ferdigheiter og kunnskap som er nødvendig for å utføre arbeidsoppgåvene
  • Tidlegare publikasjonar og forskingserfaring blir vektlagd
  • Prosjektets kvalitet og relevans for Laboratorieklinikken vert vektlagd
  • Kvalitet på forskingsmiljøet blir vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Interesse for forsking
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig arbeid og å drive prosjekt framover
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
  • Løn etter gjeldande avtale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Legg ved eventuell publikasjonsliste og ei kortfatta prosjektbeskriving (maks 3 sider).

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Linda Sleire
Tittel: Ass.direktør
Telefon: 99246588
Navn: Gunnar Mellgren
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55974366
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN