Kort om arbeidsgiver
Kommunen har vel rundt 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivelege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Kommunen har stabil legeteneste, men treng utviding for å betra kapasiteten. Det er godt samarbeid med dei andre faggruppene i helse og omsorgstenesta. Alle legesentera har gode lokale og fleire av dei vil leggja til rette for utvida tal på legar.
Det vert ledig 1 fastlegeavtale ved Stord legesenter med 1150 personar på liste.
Kommunen er open for diskusjon om næringsavtale, fastlønna stilling eller andre alternativ ut frå søkjar sine ønske. Det kan også verta aktuelt å dele lista og få to heimlar med kortare listelengde. Den aktuelle praksisen er sentralt lokalisert i moderne lokale, med elektroniske pasientjournal og eigne kvalitetssystem. Det er god drift, stabile arbeidsstokkar og tilsette med lang erfaring.
Vilkår for avtalane
Me vil strekkja oss langt for å koma i møte faglege utviklingsbehov anten søkjar er spesialist eller treng spesialisering som allmennlege. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd og kan gje rettleiing og supervisjon frå røynde legar. Fastløna legar får gode permisjonsordningar og næringsdrivande ALIS lege vil få årleg utgiftsdekking knytt til vidare og etterutdanning.
Legen får gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved det
aktuelle kontor. Kommunen vil leggja til rette for at fastlegane skal ha trygge arbeidsvilkår med moglegheit for arbeidstidsordningar, med omsyn til familieliv, økonomi og fagleg fellesskap og utvikling.
Vaktordning
Legen tar del i vaktordning på dagtid og i Sunnhordland interkommunale legevakt. Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.
Krav til stillinga
- Godkjent norsk autorisasjon som lege.
- Søkjar må ha fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens Autorisasjonskontor for Helsepersonell som gir høve til å praktisere som fastlege.
- Ha refusjonsrett frå Helfo.
- Fagleg dyktig og gode samarbeidsevner.
Vi legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod til pasientar og tilsette.
Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk*.*Det må leggjast fram politiattest.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.