Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

100% fast stiling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi – Førde sentralsjukehus. 

Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesialiseringa di? Ønskjer du ein trygg og lærerik start på karrieren, med tett oppfølging og eit inkluderande fagmiljø? Då kan LIS-stillinga i radiologi ved Førde sentralsjukehus vere noko for deg! Treff nokre av våre tilsette i denne flotte videosnutten!

Kvifor velje Førde?

Kjem du hit får du:

  • Ein trygg start i eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og fulgt opp
  • Variert praksis og erfaring med bruk av bildediagnostikk
  • Tett rettleiing frå erfarne spesialistar og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Eit sosialt og støttande arbeidsmiljø med låg terskel for å stille spørsmål

Stillinga som LIS innheld vakt i 6-delt vaktskikt og noverande plan innheld ei friveke kvar 6 veke. Vi er fleksible i høve oppstartstidspunkt.

Dette får du hos oss:

  • Eit LIS-løp med god struktur og individuell oppfølging
  • Kurs og undervisning som støttar spesialiseringa di
  • Moglegheit for å delta i forsking og fagutvikling
  • Sosiale arrangement og eit inkluderande kollegium
  • Ein arbeidskvardag med mykje humor og støtte frå kollegaer
  • Rekrutteringstillegg

Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss!

Kvalifikasjonar

Kven passar stillinga for?
Vi ser etter deg som:

  • Er ferdig med medisinstudiet, har gjennomført LIS1 og ønskjer å spesialisere deg innan radiologi
  • Er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Har gode kommunikasjonsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Avdelinga har omlag 70 tilsette, der 20 er legar. Ved seksjonen i Førde har vi 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no 

Vi tilbyr

Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!

I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.  

Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Børge Stavland
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 393
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde