Vil du vere med på laget vårt?
Vi har ledig fast utdanningsstilling i psykiatri frå 01.08.25, samt eit 1 års vikariat frå 15.08.25. Oppstartdato både før og etter er aktuelt.
I Molde har vi 7 ulike seksjonar som tilsaman dekker alle dei obligatoriske områda av spesialistutdanninga i psykiatri. For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gje LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillingen vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.
Oppstartseksjon for stillingane vert avtalt med søkjar. Oppstartdato er fleksibel og kan avtalast ved tilsetting.
Hausten 2024 flytta sjukehuspsykiatrien inn i moderne lokaler i det nye Sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset, og våren 2025 flytta resten av somatikken også inn. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her