Grunna avvikling av morspermisjonar samt interne konstitueringar, har Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus ledig 3 faste stillingar i tillegg til 3 årsvikariat for lege i spesialisering i augesjukdommar frå medio august 2025.
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingsarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH-innleggingar.
For fast stilling gjeld følgande: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli gjort om til stilling som legespesialist.
Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar.
Ved rekruttering og tilsetjing, vil vi tenkje langsiktig med omsyn til å skape ei fagleg og robust Augeavdeling for framtida.
Her kan du lese meir om å vere LIS på augeavdelinga
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i 10-delt primærvakt
- Ein vil rotere mellom dei ulike seksjonane i avdelinga kvar 6. månad (7 ulike seksjonar) for å få dekt alle områda innan augefaget
- Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggande og polikliniske pasientar
- Vedkommande må ta del i undervisning av legestudentar og anna helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i augesjukdommar
- Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg (nivå tilsvarande til Bergenstesten)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Då Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi legge vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefaget
- Augeavdelinga er kjend for sitt gode, kollegiale miljø, og det er viktig at dei som blir tilsett og vil bidra til å halde dette ved like
Personlege eigenskapar
- Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt i ein hektisk kvardag
- Vere ein god teamarbeidar
- Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
- Forskingsinteresse
Vi tilbyr
- Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging og fullstendig LIS-løp i spesialiseringa
- Den som blir tilsett, vil få ein personleg rettleiar, og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Gode kollegaer
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.