ECT er ein medisinsk behandlingsform der det i narkose blir gitt ein kontrollert mengde straum til hjernen for å utløyse eit generalisert epileptisk anfall. Hovudindikasjonen for behandlinga er alvorleg depresjon med eller utan psykosesymptom. I regi av Helse Vest har dei kliniske miljøa i Noreg tatt initiativ til å opprette eit nasjonalt kvalitetsregister for ECT. Registeret fekk våren 2022 status som nasjonalt kvalitetsregister og er tilknytt Seksjon for nevrostimulerande behandling i Avdeling psykosomatisk medisin (lokalisert på Haukelandsområdet, Glasblokken).
Vi søkjer no etter fagleg leiar i 50% stilling, kombinert med 50% overlegestilling ved Avdeling psykosomatisk medisin eller 50% overlegestilling ved Avdeling stemningslidingar, som for tida er lokalisert på Sandvikenområdet. Stillinga gir ei unik moglegheit til å kombinere klinisk arbeid og fagleg leiing av registeret.
Registerleiar vil ha det faglege ansvaret for innhaldet i registeret og bidra til at registerdata blir nytta til kvalitetsforbetring og forsking, både lokalt ved enkelte sjukehus og nasjonalt. ECT-registeret er sentralt i fagmiljøet, og registerleiar vil bidra til utviklinga av fagmiljøet, blant anna gjennom faglege møter og konferansar.
Avdeling psykosomatisk medisin består av 3 seksjonar. Seksjon for nevrostimulerande behandling tilbyr elektrokonvulsiv terapi (ECT) og er i ein prosess med reetablering av behandling med transkraniell magnetstimulering (TMS) til pasientar hovudsakleg med depresjon. Seksjon konsultasjonspsykiatri gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland Universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sjukehus, og har poliklinikk for psykosomatiske problemstillingar. Seksjon for alderspsykiatri behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Seksjonen har 12 senger, poliklinikk og ambulant team. Avdelinga har eit engasjerande og godt arbeidsmiljø, og vi tilbyr ein spennande jobb med høve til å vere med på å utvikle det faglege tilbodet ved avdelinga.
Avdeling stemningslidingar har to døgnseksjonar med til saman 23 senger og tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Seksjonane gir også behandling av bipolar mani og hypomani ved hjelp av virtuell mørkebehandling (kronoterapi). Avdeling stemningslidingar (ASL) er ein godt fungerande og attraktiv avdeling i Psykiatrisk klinikk. Me har eit godt og robust fagmiljø. Du vil jobbe i lag med høgkompetente kollegaer som ønskjer å stå saman, verdsetje kvarandre og som trivst i lag.
Andre avdelingar i psykiatrisk klinikk er Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og Regional avdeling for spiseforstyrringar (RAS).
Søkjarar som berre vil jobbe 50% i klinikk ved Avdeling stemningslidingar blir også oppfordra til å søkje.
Kvalitetsregisteret:
Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest har kompetanse innanfor registeroppbygging og registeradministrasjon, jus, IKT, statistikk, analyse og kvalitetsforbetringsmetodikk, og gir bistand innanfor desse områda.
I klinikk:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse