Vil du bli vår kollega?
Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. For tida har avdelinga størst behov for spesialisttenester innan utgreiing og behandling og innan psykosefeltet, men i dialog med deg som søkjar kan vi vurdere ulike alternativ. Vi har eit godt samarbeid med primærhelsetenesta.
Avdelinga består av 5 seksjonar:
Vi har eit aktivt fagmiljø. Vi har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på at vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein hyggeleg stad å jobbe.
Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt.
Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her