Kort om arbeidsgiver
Velkommen til Alver kommune!
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Om Radøy legesenter og fastlegelista
Radøy legesenter ligg på Manger i Alver kommune. Manger ligg nord på Radøy, om lag 20 minuttar med bil frå Knarvik som er administrasjonssenter i Alver kommune. Køyretid med bil frå Bergen er omlag 50 minuttar. Vi har gratis parkering ved kontoret.
Vi søkjer no etter ein fastlege som kan ta over ansvaret for ei pasientliste med 800 pasientar. Dersom du ønskjer større pasientliste kan dette diskuterast. Fastlegelistene ved Radøy legesenter er godt ivaretakne av erfarne og stabile fastlegar over fleire år.
Vi har og ledig vikariat frå 01. juli 2025 - 31.desember 2025. Dersom dette er aktuelt ber vi deg skrive det i søknadsteksten.
Radøy legesenter er eit kontorfelleskap med 4 fastlegeheimlar, organisert med 8,2 avtale, og 2 LIS 1 legar. Det er eit velfungerande forkontor med god fagleg kompetanse, med både sjukepleiarar og helsesekretærar. Praksisen nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og er tilknytta Nordhordland IKT som drifta alle IKT system i kommunen. Lokala er gode og tenelige. Det er godt utstyrt laboratorium med spirometri, ekg og hurtigtestar. Kommunen tek hand om hjelpepersonell, drift og eig bygget der legesenteret er lokalisert. No skal ei av fastlegelistene delast, og kontoret vert utvida med ein ekstra fastlege, det vert 5 legar. Legesenteret tek i mot listepasientar og akuttpasientar på dagtid.
For ALIS - legar (allmennlege i spesialisering):
For legar under spesialistutdanning tilbyr vi ALIS-avtale på gode vilkår. Alver kommune er registrert utdanningsverksemd og tilbyr forutsigbart utdanningsløp med rettleiing, supervisjon og læringsaktivitetar. Her kan du som er nyutdanna lese meir om ALIS-løpet.
ALIS-tilskudd - Allmennleger i spesialisering (ALIS)
Om offentleg allmennmedisinsk arbeid og legevakt:
I Alver kommune har vi legevakt ved Nordhordland interkommunale legevakt som ligg lokalisert på Helsehuset i Knarvik. Vaktbelastninga for fastlegar som deltek er gjenomsnittleg to vakter i månaden på kveld, natt og helg, betalt etter eigen timesats. Vi har tilsett eigne legar ved Nordhordland legevakt på natt, så det er mindre vaktbelastning på natt for fastlegane i kommunen.
Dersom det vert aktuelt med offentlig allmennmedisinsk arbeid ein dag i veka, vil pasienttalet på lista kunne reduserast etter avtale jf. ASA 4310.
Alver kommune har vedtatt plan for legetenesta for 2023 - 2026. Du kan lese meir om den her:
Plan for legetenesta i Alver kommune (framsikt.net). Kommunen har og ein generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin, godkjent i lokalt samarbeidsutval i 2024:
Generell utdanningsplan for spesialistutdanning i allmennmedisin - Alver kommune
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som fastlege med ei godt opparbeidd og ivaretatt fastlegeliste
- Delta i gjensidig fråværsdekning ved kontoret
- Delta i interkommunal legevakt i Nordhordland på kveld, natt og helg. Estimert vaktbelastning er 2 vakter per måned.
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som lege med rett til refusjon frå Helfo
- Fullført LIS 1 ved oppstart
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- Vaktkompetent, eller vilje til å oppnå dette
- Spesialist i allmennmedisin eller villig til å gjennomføre spesialistutdanning. Vi kan tilby ALIS avtale.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis
Kven er du?
Vi søkjer etter lege som har gode samarbeidsevner og som bidrar i kollegafellesskapet. For oss er det viktig at du er ansvarleg, at du deltek og er ryddig i forhold til drift av legepraksisen. Du må og delta i ansvarsfordeling av oppgåver mellom legane, delta i internundervisning og ha interesse for tverrfagleg samarbeid.
Personlege eigenskaper vert lagt vekt på.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod. Er du nyutdanna vil du bli godt ivaretatt på kontoret.
Vilkåra for fastlegeavtale går fram av sentralt avtaleverk, ASA 4310.